Velkommen inn i atelieret mitt!
Du har kanhende vore på besøk i galleriet Det gylne hus midt i hjartet av Balestrand. I så fall: Takk for besøket! Kanskje fekk vi ei lita samtale om syn på livet eller kor vakker verda er. Var du han eller ho som var interessert i korleis eit bilde blir til. Du sit no med ei ny «bok» med tittel som fortel at eg likar meg best i hjørner av små rom. Der vert akvarellar til, og derfrå flyt det også eitt og anna ord…




I Oktober 1993 tok eg mine første famlande penselstrøk. Eg visste at dette ville eg fortsette med. Og sidan har pensel og fargar, papir og vatn blitt faste følgjesveinar. Vi har trivdest saman. Og utvikla kvarandre, vore gjensidige inspirasjonskjelder. Motiva har stått i kø, før det eine bildet er ferdig, har eg eit nytt i tankane. Fargar har alltid fascinert meg, og suget etter å finne nye sjatteringar og valørar er som sug etter slikkerier.
Studér dei fire akvarellane i preludiet! Du finn detaljar inni detaljane. Høyrer du bruset frå havet ved Stadt og den øredøvande summinga frå bien? Kjenner du kor lunt det er å stupe kråke i sommarenga og smaken av dei saftige blåbæra, fulle av antioksydantar… og blå lepper og flekker på kjolen…
Sommarenga er ein detalj av akvarellen «Grenselandet». Vi er alltid på veg inn i det ukjende…





Grenselandet
