Eld ved kveld
Etter krigen var det manko på mykje. Mamma var glad for stofflageret ho hadde frå før krigen. Ho hadde ein heil stuv med ullstoff: tettvove, tjukt og gråbeige; ikkje akkurat mi yndlingsfarge! Mor sydde kjeledress til meg og bukser og jakker til storebrørne mine. i minst tre omgangar. Vi var godt kledde for basing i snøen, renne på ski eller kjelke. Ein i kvar syskenflokk hadde rattkjelke. Jo større den var, di fleire fekk plass. I store, lange bakkar var det kjelke, i slake bakkar var sparken best. Så laga vi sparketog. Vi hekta sparkane i kvarandre, den største sparken med den sterkaste sparkaren bakerst…den minste fremst. Eg som minst i leikelaget sat fremst på ‘Veslesparken’ og tok støyten når vi velta viss farten var for stor i svingen, og det var han ofte. Det var aldri snakk om hjelm for risikosport i gamle dagar.

- Det sterkaste minnet frå kalde vinterdagar…
Eg kom i hus full av snøkladdar i den gråbeige kjeledressen
– raud nase og raude kinn.
Det knitra koseleg frå bjørkeved i den store svarte smijarnsomnen, Jøtulen. Langsamt mjukna stivkalde fingrar og tær.
Varmen smaug inn i meg, medan eg las omatt og omatt
orda som var smidd inn over omnsdøra….
Eg grev ned min eld
seint om kveld
Gud gjev min eld
aldri sloknar ut

…vi skulle skrive dikt på omnane no og …
… og hadde det vore notar med, kunne det ha blitt vakre songar!

Kommentarar
5 svar til “Eld ved kveld”
fine tankar,gode ord og minner ❤️
Så flott skildra, Bjørg! 🌺Fine minner og aktivitetar frå ei tid som mange i dag kanskje ikkje vil få kome til å få oppleve i det heile. Orda dine får minner frå min eigen barndom til å kome fram igjen på ny. Veldig kjekt å lese dette!🥰
Dette var kjekt å lese! Berre gode minne vart framkalla, med eitt unntak: «Storesysta» tok meg med på sparketur, mista grepet i svingen og sende meg og sparken rett inn i småskogen så snø og kvistar fauk… Takk Bjørg, for varmen du deler med oss. God jul!
Vakker skildring om tid som var. Skildringa hentar fram luktar og lydar frå myrke, klåre vinterkveldar. Hentar fram minner frå store og småungars skreimeturar på Fjedlagarden. Nokre av dei eldre karane hadde sveisa saman eit monster av ein rattkjelke som sjølvsagt skulle vera fyrst i toget ned Skreiabrekko rundt ein hårnålsving og tanken var nok å skreina vidare ned i Grøvle forbi ungdomshuset, der hovudvegen var bratt smal og baud på uante utfordringar… Monsterkjelken enda sine dagar ved Stolpen rett fram i hårnålssvingen. Stolpen sto framleis traust og kunne kunngjera framtidige hendingar som kino eller dans rundt ikring, ingen brekka armar eller bein…men lenge levde minnet og «snakkisen» om den sabla store farten… Det kjennes som eg var med – men må innsjå at det nok må ha vore frå ein skrå tilskodarvinkel. Takk Bjørg!
Så koseleg å lese om dine minne i same sfære! Tusen takk!