Skribent: Bjørg Bjøberg

  • Eld ved kveld

    Eld ved kveld Etter kri­gen var det manko på myk­je. Mam­ma var glad for stof­flageret ho hadde frå før kri­gen. Ho hadde ein heil stuv med ull­stoff: tettvove, tjukt og gråbeige; ikkje akku­rat mi yndlings­farge! Mor sydde kjele­dress til meg og bukser og jakker til store­brørne mine. i minst tre omgan­gar. Vi var godt kled­de…

  • Denne vår sæle sommarljose natt

    Denne vår sæle sommarljose natt

    Denne vår sæle som­marljose natt No skrur eg tid­shjo­let 60 år tilbake i tid. Klok­ka er elleve på kvelden. Vi har pak­ka feriek­lær i Kadet­ten; godt med ull- og litt som­mark­lær i fall  tem­per­a­turen stig. Vi er litt nord for midten av Norge, i Brøs­tad­botn i Midt-Troms.  Vi har nett feira Jon­sok. Ein søring som…

  • Songen frå Bestemor

    Slik ei Beste­mor som mi…Ho stre­va trot­tigmed alle­hånde syslermann og gard og heimmed åtte søn­erSom pen­sjon­ist fla­gra hopå far­ga veng­jer…med nål og trådtryl­la ho fram dei finaste ros­erog ho feste songstro­fer til Songen hen­narfekk gyllen klangvendt mot him­me­leni glede og takk Eg hugsar det som det var i går. Ho hadde finkjolen på. Stof­fet var…

  • Då sommaren var sol

    Då sommaren var sol

    Då som­maren var sol og Prestens pipekrage Det er ein vakker vårdag, nesten som­mar­varmt. Eg er på veg til butikken, på Storeve­g­en. Det fall regn i natt, og grusve­g­en er full av van­ndammar, Det er her vi øver på 60-meter’n til idrettsmer­ket om våren.  Det var ei av dei kjekkaste ten­estene mam­ma kunne be meg…

  • Det vindsus syng kvar linnvèrs natt

    Det vindsus syng kvar linnvèrs natt

    Møte med gitaren Han kom i posten. Godt innpak­ka i ei stor kasse. Han kos­ta 183 kro­ner og 50 øre. Det var eit nobelt instru­ment! Hagstrøm stod det med nyde­leg gull­trykk på lyst raud­brunt treverk. H’en hadde ein flott svung i svin­gane. Det var mitt første møte med gitaren. Eg hadde fått ein ny venn.…

  • På norsk i Amerika

    På norsk i Amerika

    Det er i slut­ten av feb­ru­ar. Vi har nett run­da tusenåret. Fram­for meg ligg det ukjende even­tyret. Først må eg gjen­nom snø og is på Hemsedals­f­jel­let før eg tar den lange luftve­g­en tatt.  Grøn­land langt der nede. Isen breier seg over heile kon­ti­nen­tet; lik­nar på ein dom­marparykk,. Eg søv meg over nord­vest­pas­sas­jen og er langt…

  • Handa hans far

    Handa hans far

    Eit syt­ti år gam­malt juleminne Det er første juledag for syt­ti år sidan. Små­jen­ta fekk vere med Papa på julebesøk til Beste­mor og Beste­far. Togreisa var fest! Frå vi stod på per­rongen og hørte toget tuta bor­tom svin­gen. Toget var Ver­den. Seks mil varte ho. I mitt minne varte ho ein heil dag. Det var…

  • Syrommet

    Syrommet

    Eitt rom var var­mare enn noko anna i barn­domsheimen. Her blei det fyrt i den vesle svarte omnen. Kvar ons­dag var spe­siell. Då kom Kristi. Eg ser henne for mitt indre auga… lita og god og rund. Ofte i blom­strete kjole, og med blom­strete forkle over. Det var ein eigen ro over henne, der ho…

  • Når englar stuper kråke

    Når englar stuper kråke

    Det var så skum­melt…Ein mista for eit øye­b­likk fot­feste og kon­troll… over tilveret. Men for kvart nytt kråkest­up blei fry­den over meistring større… No blei eg aldri nokon ver­dens­mester i turn. Det blei klart for meg i gym­ti­mane i første klasse på gym­naset. Den store skrekken for den him­mel­høge kassen sit enno i meg. Den…

  • Jublande glade med song…

    Jublande glade med song…

    Vi gjekk kring jule­treet Vi sang barn­lege julesongar som Jeg er så glad og Å jul, med din glede (utan kom­ma) og Glade jul… med ord som vi forsto. Men så var det slike som var meir vrange og vridne. Ein av dei den med «… så har han oss forvervet…» Kan­skje det skulle vere…