Slik ei Beste­mor som mi…
Ho stre­va trot­tig
med alle­hånde sysler
mann og gard og heim
med åtte søn­er
Som pen­sjon­ist fla­gra ho
på far­ga veng­jer…
med nål og tråd
tryl­la ho fram dei finaste ros­er
og ho feste songstro­fer til

Songen hen­nar
fekk gyllen klang
vendt mot him­me­len
i glede og takk

Eg hugsar det som det var i går. Ho hadde finkjolen på. Stof­fet var svart med muntre ‘blo­mar’ strødd utover. Sølvbros­je i halsen og håret stramt bakover med knute i nakken. Eg såg ein kveld ho hadde løyst opp håret; det fal­da seg så fint nedover ryggen, heilt til mid­jen! 

Eg hadde nett stått til kon­fir­masjon og det var stort å få beste­forel­dra på gjest­ing. Gåva frå dei var Prak­tut­gåve av Land­stads rev­iderte salme­bok. Svart sjirt­ing­bind med gull­snitt. Nam­net mitt var prenta i gull­skrift på fram­si­da. Nedst på bak­si­da, også i gull­prent “Fra Beste­mor og beste­far.”

Dei var hos oss nokre dagar. Ho Beste­mor sat av og til om kvelden og bladde i den vakre boka. Ho song ho inn for meg. Ein kveld reiste ho seg opp, stod fram­for salong­bor­det, bladde opp på yndlingssalmen.

Ånd fra himlen, kom med nåde
kom her ned med lys og liv,
La din gud­doms­makt nu råde,
Salighets for­stand oss giv,
Livets ord du selv fork­lare,
Så det virk­er hvad det vil,
La oss her dets kraft erfare,
Fyll vår sjel med hel­lig ild.

… Kom til gam­le, kom til unge
I din kraft og med din fred,
Da skal vi med jubel sjunge:
Her­ren er på dette sted!

Det var høgtid i sto­va, som i kyrk­ja. Med si vakre røyst løf­ta ho songen og oss mot him­me­len. No, over sek­sti år seinare, tenkjer eg at Her­ren var i sto­va den kvelden.


Kommentarar

3 svar til “Songen frå Bestemor”

  1. Det er så vakkert, Bjørg. Jeg sit­ter her høytidsstemt, og leser din vakre beretning om din beste­mor. Du ver­den for en beste­mor, en beste­mor du sikkert har arvet noen av dine mange tal­en­ter fra. Jeg våger knapt trekke pusten, for ikke å ødlegge stemnin­gen. Alt, både tekst og bilde, bare så vakkert. Gled­er meg til ditt neste Kalen­derblad.

  2. Jofrid Flølo Avatar
    Jofrid Flølo

    So vakkert både sangtekst og forteljing, gode min­ner å ta vare på…

  3. Inga Midttun Avatar
    Inga Midttun

    Nyde­leg skil­dra, Bjørg! Gode min­ner om ei kjær beste­mor, og føre­bilete på mange vis. Kjen­ner påstemninga og den fine stun­da du formid­lar her i ord og bilete. Så fint!