Då sommaren var sol og Prestens pipekrage
Det er ein vakker vårdag, nesten sommarvarmt. Eg er på veg til butikken, på Storevegen. Det fall regn i natt, og grusvegen er full av vanndammar, Det er her vi øver på 60-meter’n til idrettsmerket om våren.
Det var ei av dei kjekkaste tenestene mamma kunne be meg om, og i dag fekk eg tilogmed bruke Postsykkelen. Han er eit vidunder. Skjermane blenkjer i grønne, kvite og sølvfarga striper. Til bagasjebrettet er det festa to vesker med plass til heile bygda sin post. Veskene var store og sykkelen var av det robuste slager med ballongdekk. Eg var stolt over å meistre balansekunsten, tunga rett i munnen, ‘ryggen rak og blikket fritt’…
Sola skin og varmar i bakkane og blomane står tett i tett og vaiar om kapp med kvarandre. Eg visste fred og ingen fare, men så… ved svingen mot Teigejordet dukkar ein svart blank bil opp; det var presten! I eitt sekung ser eg han for meg på talarstolen i Flå kirke, verdig i svart kjol og den vakre kvite kragen om halsen. Pipekrage heitte den, hadde ho mamma fortalt.
Men her måtte eg vere kvikk i tankane; ein skulle jo helse på standspersonar som lensmannen og presten… ja,. og doktoren!
I dei dagane skulle ungane helse pent på øvrigheta. Ein sa ikkje ‘hei’ på 50-talet. Det høyrde med til barnelærdomen at gutane skulle bukke djupt, og for jentene var ikkje eit lite kniks i knea nok. Ei djup neiing, med rett rygg og vakent blikk. Det minte meg om sangen O jul, med din glede.
Eg rekk ikkje å stoppe sykkelen og stige av. Men eg må jo neie til han! Fort lyfter eg meg frå setet, med føtene støtt på pedalane, og gjer den ærbødigaste neiing eg får til… ‘i ramma’. Det blei ikkje noko hoffkniks nett, men eg trur presten, han Salmund Djuvik, forstod. Kanskje han smilte litt med seg sjølv over dette soknebarnet sitt..

Vaiande prestekrageenger talar ofte til meg og minner meg om Salmund. Han var kjent for å vere den mildaste presten i dalen. Preikene hans var som ei prestekrageeng i sommarsol..
O, jul med din glede… og vi svinger oss i kretsen og neier og vi bukker…


Kommentarar
Eitt svar til “Då sommaren var sol”
Fin fortelling. Minner meg om at slik var det på den tida.