Møte med gitaren
Han kom i posten. Godt innpakka i ei stor kasse. Han kosta 183 kroner og 50 øre. Det var eit nobelt instrument! Hagstrøm stod det med nydeleg gulltrykk på lyst raudbrunt treverk. H’en hadde ein flott svung i svingane. Det var mitt første møte med gitaren. Eg hadde fått ein ny venn.

Agnes i Tuppeskogen var gitaristen i bygda. Ho skulle starte Strengemusikklag. Storhending i Stavn. Mange gitarar kom med posten. Ivrige barn øvde opp fingrane til det spennande nye.
Vi sat kring kjøkenbordet i den vesle stova. Agnes var den nette vesle kvinna med sol i andletet. Ho hadde lyst hår med fald, nesten krøller, og bak gullbrillene skein augo som sola ein sommardag. Ho og mannen, han Per, hadde ikkje barn, men dei hadde eit bankande hjarte for oss.
Ein ny klang la seg over bygda. Ein ny programpost blei lagt til på møter i søndagsskule og yngresmøter, ja tilogmed på ‘vaksne’ møter i Santalmisjonen eller Kinamisjonen eller i ein av dei andre misjonane.
… det var slik vi bygde landet, vi ørsmå brikkene i det store spelet…



