Det er i slutten av februar. Vi har nett runda tusenåret. Framfor meg ligg det ukjende eventyret. Først må eg gjennom snø og is på Hemsedalsfjellet før eg tar den lange luftvegen tatt.
Grønland langt der nede. Isen breier seg over heile kontinentet; liknar på ein dommarparykk,. Eg søv meg over nordvestpassasjen og er langt inne i draumeland over Newfoundland. Leiv Eriksson kunne ikkje vore meir foirviten enn eg var då eg vakna og såg ned…
- Kva er dette? Det synet eg får, set seg i hugen og blir der. Det er som å sjå opp i stjernehimmelen! Stjerner og stjerner så langt auga rnår… eg hadde same kjensla som då eg låg i snøenglane som barn. Under meg låg som eit teppe med lysande, blinkande ørsmå stjerner
- Det er Boston og ‘småbyane’ rundt… og langt langt i det fjerne ser du lysa frå New York, kan sidemannen opplyse om
Eg fekk, der og då, eit utvida perspektiv på verdsbildet mitt. Når dei små prikkane på verdskartet på veggen i Stavn skule, var så veldige på det verkelege kartet, kor stor var ikkje verda då?
Fatteevnen rakk ikkje lenger…
Amerikaturen min hadde Florida som mål. Alle opplevingar her ved Gulf of Mexico, kan dekke sidene i ei heil bok.
Det som hører til i dette kapitlet, handlar om sang. I møtene med Det norske amerika ønska folk å høyre songar på morsmålet. Nidelven og Nærmere deg, min Gud var pop. Å, eg veit meg eit land rørde hjartene og tårer blinka i augnekroken. Besteforeldra hadde sunge for dei, enkle barnesangar, Bordverset og Fadervår… somme kunne dei utanåt. Og mange fekk stjerner i blikket og julekveldstindrande auge når dei lytta til ‘fedrene Noreg’ si eiga stemme når eg sang Mellom bakkar og berg. Besteforeldre hadde gjerne eingong fortalt om bakkar og berg og steinute strender som det var vanskeleg å byggje og bu på… så Amerika blei vegen…
Ein søndag, etter gudstenesta i Trinity Lutheran Church, kjem eit par bort til meg. Dei fortel at dei nett har mista sin kjære far. Han vart fødd i Norge og utvandra til Amerika i sin ungdom. Her fann han ei jente han blei glad i, fekk familie og blei verande i nyelandet. No har dei eit stort ønske: Kan du syngje ein sang på norsk i gravferda? Det ville gjere stunda spesiell for oss alle.
Slik gjekk det til at eg fekk syngje i ei vakker kyrkje ved kista til ein medvandrar eg ikkje hadde fått møte. Han hadde lagt ned vandringsstaven. O, bli hos meg, nå er det aftentid... innhaldet kjende dei alle som Abide with me, fast falls the eventide, men dei norske orda var framande for dei fleste. Han som er reiseferdig, på veg til siste kvilestaden, får vandringssangen på sitt eige morsmål.
Mi vandring får eit nytt perspektiv ved denne opplevinga. Vi lever ikkje aleine, ei heller for oss sjølve. Vi er del av den store fellesskapen som jorda vår er. Og “sangen er det band som bind alle ættar saman» får ei ny meining. Det er ikkje berre ord i eit dikt som har fått tonar til… det gjev ei djupare, ei sjerneklår og edlare meining til orda…
Om kvelden kjem vi heim til deileg middag, så ein forfriskande svømmetur i bassenget i den varme kveldssola. Som dessert plukka vi nokre saftige appelsiner frå trea i hagen… med attlatne auge såg eg juleaftenfruktfatet med appelsiner som hadde kome med appelsinbåten frå Amerika… på 50-talet…

Solnedgang ved Gulf of Mexico

