Det var så skummelt…
Ein mista for eit øyeblikk fotfeste og kontroll… over tilveret. Men for kvart nytt kråkestup blei fryden over meistring større… No blei eg aldri nokon verdensmester i turn. Det blei klart for meg i gymtimane i første klasse på gymnaset. Den store skrekken for den himmelhøge kassen sit enno i meg. Den dag i dag kan eg kjenne angsten som vaks og vaks etter kvart som min tur til bukkespranget nærma seg. Men eg var god i høgdehopp, då… der hodet og føtet var i rett forhold til himmel og jord.
Men englane, du! Dei elskar å flagre omkring med føter og hender og hode i salig virvar, og i underleg takt med kvarandre… og med kroppen i lette loop og lettsindig omgang med underlaget. Det er det næraste vi kjem til himmelsk hurlumhei…
… og vår myndige Far humrar i himmelsk eufori…
Fargerik leik
i det store rommet
mellom stjerner og planetar
med tindrande stråler
lysande frå sprell
levande auge
fleirtonig sang i rommet
med himmelsk klang
grenselaus glede
i flagrande blondekanta kjolar
ustyrlege
og ustoppelege
spreier dei tonar i tusental…
… og vi får vere med i koret…

