Vi gjekk kring jule­treet

Vi sang barn­lege julesongar som Jeg er så glad og Å jul, med din glede (utan kom­ma) og Glade jul… med ord som vi forsto. Men så var det slike som var meir vrange og vridne. Ein av dei den med «… så har han oss forvervet…» Kan­skje det skulle vere «fordervet» Det vis­ste eg kva bety­dde, men det høvde ikkje saman med «…all him­lens, him­lens fryd.»…
Og kva med «…Eia, var vi der!». Det var mangt og myk­je ein kunne snu­ble i ved jule­tre­gan­gen då vi var småe. Med åra har eg skjønt eitt og anna etterk­vart…

Jeg syn­ger julek­vad høyr­er for meg med i kor­sangmap­pa. Eg arva Pap­pa sitt notear­kiv, og mel­lom gul­na papir fann eg eit spe­sielt arrange­ment av denne gam­le san­gen. Koret mitt her i Balestrand hadde ikkje sunge denne, så vi sette han opp på julereper­toaret… i 1987. Mitt andre år som diri­gent for Balestrand songlag. Mange øvin­gar seinare blei vi einige om å vente med debuten til neste års julekon­sert. Vi innsåg at vi trengde meir øving for å yte san­gen ret­tferd… Ein må ha age for det som er gam­malt og fekk eit så fint latin­sk namn som In dol­ci Jubilo…

Julesong med him­mel­sk lyd
og fryd
og kvad og stjerne
nek og småfugl og klokkek­lemt
kime til høgtid
i hus og stall og kyrk­je
med julepre­sang
og stjerneklang
det var tider
tilogmed englar
som dalar ned i skjul
i lag med veden og var­men
forkyn­ner fred
og tider skal komme…