Har du nokon gong gått på ski inn i ein tett granskog? Helst i skumringa. Snøtunge greiner dryssar snø over deg når du kjem borti dei. Då kan vi høyre tonar. Tonane frå slik klimpring er som dei djupaste tonar du finn på bassen. Med sordin som dempar klangen. Eg har gått gjennom ein slik melodi. Ei kveldsstund ved solegla.… mørkret sakte senker seg og dagslyset gøymer seg innunder greinene. Melodien fylgjer meg og fyller meg. Det er visst ein julesang med mjuke ord, og verda står stille ein liten augneblink…
Unn deg tid til ettertanke
til undring over universet
søk stille stunder
i ein travel kvardag
Finn kvild og ro
i seine kveldar
samle sinn og sjel
og sansar
Finn ein symfoni
i tid og rom

