Songlaget – i år som i alle år – syng jula inn for dei gam­le. Som vi stod der og sang Å kom, la oss følge stjer­nen i det høye undra eg meg over kven «dei gam­le» er. Eg talde fem «gam­le» songlagssongarar blant pub­likum. Det er ikkje lenge sidan dei song med oss i koret. Og enda fleire hadde eg i min­net. Vakre røys­ter, stødi­ge på tonen og songen kom frå hjartet. Og glade, med song, dei hel­ste oss og songen kom også no frå hjartet … og dei var fram­leis unge … tilogmed litt barn­lege. Ho Elis­a­beth sa det med verdig mine og rak rygg: «Det er så godt å se at de eldre er med. Da blir det så rik­tig lik­som.»

Vi er saman
på van­dringa
i eit uover­skue­leg pil­grim­stog
vi gler oss til mørkret flyr
og lyset kjem
med strålar på ny
i stjernekrans

Gam­le eller unge
eller eldre …
kva betyr no det …
når vi pus­tar
saman
når vi syng
saman
frå hjartet

Ade­len og vi
«det er så rik­tig lik­som»



Kommentarar

2 svar til “Saman med adelen”

  1. Arthur Adamson Avatar
    Arthur Adamson

    Så fint!

    1. Bjørg Bjøberg Avatar
      Bjørg Bjøberg

      Takk skal du ha, kjære du!