Eitt rom var varmare enn noko anna i barndomsheimen. Her blei det fyrt i den vesle svarte omnen. Kvar onsdag var spesiell. Då kom Kristi. Eg ser henne for mitt indre auga… lita og god og rund. Ofte i blomstrete kjole, og med blomstrete forkle over. Det var ein eigen ro over henne, der ho gjekk ‘ovenpå’ til syrommet. Og veslejenta følgde etter.
Laken, dynetrekk og putevar, skjorter, bluser, lommetørkle og dukar var dynka og fint glatta ut. Frå dagen før hadde dei ligge og trekt til seg fukt, så dei skulle bli lette å stryke… Kristi visste nett kva ho skulle gjere og kvar ho skulle starte. Ho hadde det ikkje travelt, men når arbeidsdagen var over, var ho ferdig med heile bunken. Stolt stod ho og sjekka at alt var som det skulle vera: Sirlege stablar med laken, dynetrekk, putevar og lommedukar. Dukane måtte det to til for å behandle. Dei skulle strekkjast og faldast saman på ein heilt spesiell måte. Det var ikkje for nybegynnarar! Men eg lærte etterkvart, og var stolt når eg fekk vere med å strekkje!
Og så kom turen til nyvaska, men holete, sokkar og strømper!
Kristi var hos oss i mange år og var sakna av oss og mor då vi flytta frå bygda. Den vesle bygda med det store hjartet.
Før Kristi tok kvelden, la ho duken på bordet. Den duken som for alltid vil minne meg om det varme vesle rommet. Han var varmt blå, mjukt kvit med djupt gule striper. Han var strødd med stiliserte roser og blomstrar og blad. Han minte om varme sommardagar. Med barndommens gylne slør over.

Om kvelden
opplever vi
dagen som var
i nytt perspektiv
stilla opnar sinnet
vi set nye ord
til den levde dagenvi nynnar på melodiar
muntre
som trillande latter
eller
stemde i toneslag
med mjuke
kveldsklangar
så møter vi
natta
med forventning
til ny dag


Kommentarar
8 svar til “Syrommet”
Nydelig nydelig…..å æ kan kjenne litt av den varmen du bringer fram i minnet ditt.Men hos oss var det mor mi som sto ved kjøkkenbordet å strøk…. Husker den gode lukta av tøy som hadde fått tørke i friskluft og som strykjernet ga ei ekstra god lukt til.Mor mi strøk «ALT» , ho mente at tøyet holdt sæ penere lengre når det var strøket.Sjøl liker æ å stryke….det bringer mæ i ei egen god ro…..men æ stryker bare putevar, duker,kopphanduker,og di få klærne som treng stryking. 😊Takk Bjørg for at du fikk mæ til å minnes❤️
Kjære Janne <3 Tusen takk for kommentaren som gir meg enda fleier minner! Vi har ein skatt, som betyr mykje for oss. Kanskje også for dei som er yngre.…
Nydelig beskrevet Bjørg. Dette opplevde jeg hjemme. Min mor strøk alt, noe jeg nesten har fortsatt med. Og husker godt da vi strakk laken og duker. Dukene skulle først brettes i to og så yttersiden til hver sin side. Det har jeg også fortsatt med. Barn og barnebarn styrker ikke glasshåndklær, jeg gjør. Vi vokste nok opp i en tid jeg minnes med glede. De enkle små.
Kjære Britt Wenche! Tusen takk for kommentaren. Ja, vi har mykje felles å minnast! Det er lenge sidan eg hørte ordet glasshåndkle…
Gode minne 😊. Få får oppleve slike stunder i dag.
Kjære Irene Alvhild! Får håpe dei opplever andre ting som gjev dei gode minne…
Your talents are many! Thank you for sharing beautiful true prose along with tha gorgeous painting, Bjørg. God’s blessing to you in 2024. May you walk in His truth and light!
Many thanks for your good respond and heartfelt greeting!