Eit syt­ti år gam­malt juleminne

Det er første juledag for syt­ti år sidan. Små­jen­ta fekk vere med Papa på julebesøk til Beste­mor og Beste­far. Togreisa var fest! Frå vi stod på per­rongen og hørte toget tuta bor­tom svin­gen. Toget var Ver­den. Seks mil varte ho. I mitt minne varte ho ein heil dag. Det var så myk­je som hende. Kvar stasjon var eitt kapit­tel i min­nebo­ka. Brem­sene kvein, toget sak­ka farten og gleid inn på per­rongen. Kof­fer­tar ned frå hyl­lene av tråd­net­ting. På med vin­terkåpe og varme vot­tar. Folk stilte seg klare i kø i midt­gan­gen, for å få flyt i avstigninga.

Nye spen­nande folk steig inn, fann seg plass­er og sat klare i giv akt med bil­let­ten. Toget gleid sak­te ut frå stasjo­nen. det knir­ka og kvein frå fes­tet mel­lom vognene. Kon­duk­tøren bles i fløy­ta, og star­ta sin gang gjen­nom vognene. Få se bil­let­tene, takk! med høg og klar stemme. Ikkje tvil om kven som hadde makt og myn­de i den ver­da! Bil­let­tane var 4.5 x 2,8 cm lys brun­gule av stiv kar­tong. Etter ein omgang med ton­ga, fekk dei små halvmåne­for­ma hakk i kan­ten! Mest som blonder. Eg sam­la på slike, og las i dei av og til. 

Ei jente sat på setet fram­føre meg. Ho var det vakraste eg hadde sett. Ho hadde mørkt krøl­la hår. I min fan­tasi heitte ho alltid seinare Lise. Eg kalla opp ei av dokkene mine etter henne.

Vi ankom­mer Gol stasjon om 3 min­ut­ter. Togreisa sin poe­si.

Så var det ‘Ruta’ med Resen vidare opp gjen­nom dalen. Vi steig av ved Grøn­li­brui og star­ta den tyn­g­ste etap­pen. Veg­en var lang og tung for små føter. Det var godt med ei hand å halde i. Tre kilo­me­ter er langt når ein har opplevd berre sju burs­da­gar… og det er bitande kaldt. 

Så ende­leg ser eg det vinke til oss… Beste­morhuset… med småru­ta lysande vin­dauge. Og beina får veng­jer.

De får vera velkømne, då!

… og det blei sirupss­nipp og goro, fat­tig­mann, strull og roset­tbakkels… og eit egge­glas med noko sterkt i for dei vak­sne. Eg fekk heime­brygg ‘utan pros­ent’.

Juleeven­tyret hadde star­ta med Julaften heime, og no heldt det fram i den vesle hallingsto­va som heit­er Beste­morhuset. Neste mor­gon vak­na eg av at Beste­far spik­ka flis­er av eit vedtre. Han laga oppten­ningsved. Snart kni­tra det frå tørr bjørkeved i peisen. Var­men frå peisen gav snart ein lun varme i sto­va. Beste­mor kom med kaf­fi og kak­er på sen­ga. Bret­tet hadde ei fint brodert brikke med tungekan­tar. Så kunne den nye dagen beg­ynne. Eit nytt blad i min­nebo­ka om ein barn­dom blei skrive.

Og ute stod dei grønne glitrende tre og vin­ka med greinene i Granliene…


Kommentarar

15 svar til “Handa hans far”

  1. Sonja Ekman Avatar
    Sonja Ekman

    Nydelig, Bjørg ❤️

    1. Bjørg Bjøberg Avatar
      Bjørg Bjøberg

      Tusen takk, gode Son­ja!

  2. Kari Rønnestad Avatar
    Kari Rønnestad

    Forteljin­ga di lagar levande bilder 😍

    1. Bjørg Bjøberg Avatar
      Bjørg Bjøberg

      Takk, gode Kari! Det er nett det ein ynskjer; få orda til å gro bilder…

  3. Kjell Opheimshaug Avatar
    Kjell Opheimshaug

    Ei så varm og fin forteljing. Sup­plert med har­moniske bilete. Tusen takk, Bjørg! ❤️❤️

    1. Bjørg Bjøberg Avatar
      Bjørg Bjøberg

      … og takk til deg som les, gode Kjell!

  4. Svein Torkveen Avatar
    Svein Torkveen

    Så flott en tekst, fikk meg til å errindre tilsvarende opplevelser ca 65 år tilbake i tid i den samme dalen! Lik­er spe­siellt det ned­er­ste bildet med vin­terb­likk fra Granheim mot Store­horn (?). Takk skal du ha Bjørg!

    1. Bjørg Bjøberg Avatar
      Bjørg Bjøberg

      Det gjer meg skikke­leg glad å få slike inn­legg! Å vekkje min­ner er tovegs. Tusen takk!

  5. Knut Kleiven Avatar
    Knut Kleiven

    Så fin fortelling.

    1. Bjørg Bjøberg Avatar
      Bjørg Bjøberg

      Eg er heldig som har slike minne… Takk!

    2. Bjørg Bjøberg Avatar
      Bjørg Bjøberg

      Tusen takk!

  6. Kari Maria R. Fjærestad Avatar
    Kari Maria R. Fjærestad

    So vakkert skil­dra, Bjørg. Var nesten med på turen ❤️🌺

    1. Bjørg Bjøberg Avatar
      Bjørg Bjøberg

      Så kose­leg å høre! Ja, slike opplevin­gar set djupe spor…

  7. Inga Midttun Avatar
    Inga Midttun

    Takk for reisa i ord og bilete! Du skil­drar så fint, at ein føler ein er med deg! Gode barn­domsminne som for alltid vil vere med ein.

    1. Bjørg Bjøberg Avatar
      Bjørg Bjøberg

      Minnene frå ein god barn­dom dukkar opp no og då. Dei gjer meg takksam og glad!