Det er i slut­ten av feb­ru­ar. Vi har nett run­da tusenåret. Fram­for meg ligg det ukjende even­tyret. Først må eg gjen­nom snø og is på Hemsedals­f­jel­let før eg tar den lange luftve­g­en tatt. 

Grøn­land langt der nede. Isen breier seg over heile kon­ti­nen­tet; lik­nar på ein dom­marparykk,. Eg søv meg over nord­vest­pas­sas­jen og er langt inne i draume­land over New­found­land. Leiv Eriks­son  kunne ikkje vore meir foirviten enn eg var då eg vak­na og såg ned…

- Kva er dette? Det synet eg får, set seg i hugen og blir der. Det er som å sjå opp i stjerne­him­me­len! Stjern­er og stjern­er så langt auga rnår… eg hadde same kjensla som då eg låg i snøenglane som barn. Under meg låg som eit teppe med lysande, blinkande ørsmå stjern­er 

- Det er Boston og ‘småbyane’ rundt… og langt langt i det fjerne ser du lysa frå New York, kan side­man­nen oppl­yse om

Eg fekk, der og då, eit utvi­da per­spek­tiv på verds­bildet mitt. Når dei små prikkane på verd­skartet på veg­gen i Stavn skule, var så veldige på det verkelege kartet, kor stor var ikkje ver­da då?

Fat­teev­nen rakk ikkje lenger…                                     

Amerika­turen min hadde Flori­da som mål. Alle opplevin­gar her ved Gulf of Mex­i­co, kan dekke sidene i ei heil bok.

Det som hør­er til i dette kapit­let, hand­lar om sang. I møtene med  Det norske ameri­ka øns­ka folk å høyre songar på morsmålet. Nidel­ven og Nærmere deg, min Gud var pop. Å, eg veit meg eit land rørde hjartene og tår­er blin­ka i augnekro­ken. Beste­forel­dra hadde sunge for dei, enkle bar­ne­san­gar, Bor­d­ver­set og Fadervår… somme kunne dei utanåt. Og mange fekk stjern­er i blikket og julekveld­stin­drande auge når dei lyt­ta til ‘fedrene Noreg’ si  eiga stemme når eg sang Mel­lom bakkar og berg. Beste­forel­dre hadde gjerne ein­gong for­t­alt om bakkar og berg og steinute stren­der som det var vanske­leg å byg­gje og bu på… så Ameri­ka blei veg­en… 

Ein søndag, etter gud­sten­es­ta i Trin­i­ty Luther­an Church, kjem eit par bort til meg. Dei for­tel at dei nett har mista sin kjære far. Han vart fødd i Norge og utvan­dra til Ameri­ka i sin ung­dom. Her fann han ei jente han blei glad i, fekk fam­i­lie og blei verande i nye­landet. No har dei eit stort ønske: Kan du syn­g­je ein sang på norsk i gravfer­da? Det ville  gjere stun­da spe­siell for oss alle.

Slik gjekk det til at eg fekk syn­g­je i ei vakker kyrk­je ved kista til ein med­van­drar eg ikkje hadde fått møte. Han hadde lagt ned van­dringsstaven. O, bli hos meg, nå er det aften­tid...  innhaldet kjende dei alle som  Abide with me, fast falls the even­tide, men dei norske orda var fra­mande for dei fleste. Han som er reise­fer­dig, på veg til siste kvilestaden, får van­dringssan­gen på sitt eige morsmål. 

Mi van­dring får eit nytt per­spek­tiv ved denne opplevin­ga. Vi lever ikkje aleine, ei heller for oss sjølve. Vi er del av den store fel­lesskapen som jor­da vår er. Og “san­gen er det band som bind alle ættar saman»  får ei ny mein­ing. Det er ikkje berre ord i eit dikt som har fått tonar til… det gjev ei dju­pare, ei sjernek­lår og edlare mein­ing til orda…

Om kvelden kjem vi heim til dei­leg mid­dag, så ein for­friskande svøm­me­tur i bas­sen­get i den varme kveldsso­la. Som dessert pluk­ka vi nokre saftige appelsin­er frå trea i hagen… med att­latne auge såg eg juleaften­fruk­t­fatet med appelsin­er som hadde kome med appelsin­båten frå Ameri­ka… på 50-talet…

Solnedgang ved Gulf of Mexico