Denne vår sæle som­marljose natt

No skrur eg tid­shjo­let 60 år tilbake i tid.

Klok­ka er elleve på kvelden. Vi har pak­ka feriek­lær i Kadet­ten; godt med ull- og litt som­mark­lær i fall  tem­per­a­turen stig. Vi er litt nord for midten av Norge, i Brøs­tad­botn i Midt-Troms. 

Vi har nett feira Jon­sok. Ein søring som eg er vand med høgt og stort bål og flotte flam­mar til vers. Her er det store å få mest moge­leg med røyk. Det synest best i dagslys. Dette under­lege og vidun­der­lege lan­det vårt. Kor mangear­ta og mange­far­ga!

No står vi klare for den store feri­eturen. Eg skal besøk­je stad­er med namn eg berre har lese på kartet. Vi skal innom alle dei fem fjor­dane i Finn­mark. Vi hadde ei hugsere­gle på skulen: VA-TA-LA-PO-AL.. med trykk på LA. Det er som ei stofe i ein sang. Varanger­fjord, Tanafjor­den, Lak­se­fjord, Por­sanger­fjord og Altafjord. Orda, skjønt kraft­fulle og farg­erike, blir bleike i forhold til det verkelege lan­det. Skinet på fjord­fla­ta, alle buk­t­ningar og nes og øyer, buset­nad­er… Fjell stig opp, lyng og fjell­b­jørkeskog kravlar seg oppet­ter.  Men­nes­ka blir små i dette veldige rom­met. Sprei­dd langs stren­dene og bak nesa, bur folk. Ikkje i bygder og gren­der, slik dei har det for vane i sør. Her bur fol­ka i fiskevær. Og dette folket snakkar som ein sang. Både rytme og melo­di gjen­nom­syr­er stemmene i folket. Mine barn blei då også melodiske men­neske, både med slåttestev og klan­gen frå Nord­lands trompet… 

Største opplevin­ga er Finn­marksvid­da i mid­nattsol. Vid­de på vid­de, og vid­der bakom der igjen. Som vi nær­mar oss Kau­tokeino, glir sola lenger og lenger ned mot syn­sran­da, der him­me­len møter vid­dene, og sola stog­gar eit øye­b­likk, tenkjer seg om før ho tar sats og stig i glide­flukt opp mot den nye dagen.

Det er lang dags ferd mot dag, Lyset omslut­tar oss, det er som­mar­varme og gylne vid­der. Karasjok er ikkje kald og i Kau­tokeino bur folk i Guovdageain­nu. Så feil kan skule­bøkene ta..

Som­mar­nat­ta er enno varm og mange timar seinare køyr­er vi ned til Varanger­botn. Her møter vi det kalde guf­set frå Nordishavet og kvikksøl­vet trekkjer seg sam­men 20 grad­er. Vi er i Lan­det av kon­trastar…