78 gonger har eg levd i denne datoen!

Kvar og ein av dei har vore merkeda­gar i livet mitt. Men å hugse kva som skjed­de 9. desem­ber 1955, veit eg ikkje. Sannsyn­legvis var eg i gang med nedtellinga til julaf­tan. Tida gjekk så ulide­leg langsamt. Eg hadde fullt over­syn over pakkane som kom i posten. Dei vart nøye klemt på og til-og-frako­rtet nøye lagra i min­net. Vi hadde ein fast plass i ned­er­ste hylle i lin­tøyskapet til innkom­mande pakkar frå onklar og tan­ter og sysken­barn. Eg hadde mange, så ved vare­oppteljin­ga nådde eg ofte til 15! Mjuk pakke frå Beste­mor og Beste­far, med heime­spø­ta vot­tar tålte eg, så lenge det var rike­leg med harde pakkar frå andre. Du, kor tida har foran­dra meg!

Kan­skje det var den 9. desem­ber dette året at eg datt så fælt i skibakken, den brat­taste! Skia var glattare enn krop­pen var føre­budd på, så i den siste knei­ka datt eg bakover med eit skikke­leg dunk så det svar­ta for augene mine! Det lærte meg lek­sa om å halde seg på beina.

Snøen var til å stole på i dei tider. Sta­bilt kaldt vin­ter­v­er med lue, skjerf og vot­tar. Berre like før jul kom kake­lin­na og øydela den gode gli­den: Sparke­farten ned gjen­nom gutu kunne du berre gløy­ma, den dagen. Det stakk opp steinar og dei slo gnis­trar av stjern­er i stålet.

Mørkret kom tid­leg, så det var godt å kome innatt og varme seg ved den store, svarte Jøtu­lom­nen. Og Mor, ho stelte i kjøkenet. I eine hjør­net av kjøken­benken var to sor­tar til klare til å fylle i kake­bok­sar. Var det smul­tring i dag, tru? Det var fem att, av dei sju sla­ga, men den 9. desem­ber var det god tid til jul… Det var ho Mor glad for.…

Tenn meg ei stjerne
til å varme meg på
når vin­teren syng
i kalde og klare tonar

til å lyse opp
når dagen er kort
og nat­ta lang

til å vekkje meg
til leik
i dagen
og draum
i nat­ta

Det er ei tid
for alt