Når englar stuper kråke

Det var så skum­melt…
Ein mista for eit øye­b­likk fot­feste og kon­troll… over tilveret. Men for kvart nytt kråkest­up blei fry­den over meistring større… No blei eg aldri nokon ver­dens­mester i turn. Det blei klart for meg i gym­ti­mane i første klasse på gym­naset. Den store skrekken for den him­mel­høge kassen sit enno i meg. Den dag i dag kan eg kjenne ang­sten som vaks og vaks etter kvart som min tur til bukke­spranget nær­ma seg. Men eg var god i høgde­hopp, då… der hodet og føtet var i rett forhold til him­mel og jord.

Men englane, du! Dei elskar å fla­gre omkring med føter og hen­der og hode i salig vir­var, og i under­leg takt med kvaran­dre… og med krop­pen i lette loop og lettsindig omgang med under­laget. Det er det næraste vi kjem til him­mel­sk hurlumhei…

… og vår myn­di­ge Far hum­rar i him­mel­sk eufori…

Farg­erik leik
i det store rom­met
mel­lom stjern­er og plan­e­tar
med tin­drande stråler
lysande frå sprell
levande auge

fleir­tonig sang i rom­met
med him­mel­sk klang

grense­laus glede
i fla­grande blondekan­ta kjo­lar

ustyr­lege
og ustop­pelege
spreier dei tonar i tusen­tal…

… og vi får vere med i koret…