
Slik ei Bestemor som mi…
Ho streva trottig
med allehånde sysler
mann og gard og heim
med åtte søner
Som pensjonist flagra ho
på farga vengjer…
med nål og tråd
trylla ho fram dei finaste roser
og ho feste songstrofer til
Songen hennar
fekk gyllen klang
vendt mot himmelen
i glede og takk

Eg hugsar det som det var i går. Ho hadde finkjolen på. Stoffet var svart med muntre ‘blomar’ strødd utover. Sølvbrosje i halsen og håret stramt bakover med knute i nakken. Eg såg ein kveld ho hadde løyst opp håret; det falda seg så fint nedover ryggen, heilt til midjen!
Eg hadde nett stått til konfirmasjon og det var stort å få besteforeldra på gjesting. Gåva frå dei var Praktutgåve av Landstads reviderte salmebok. Svart sjirtingbind med gullsnitt. Namnet mitt var prenta i gullskrift på framsida. Nedst på baksida, også i gullprent “Fra Bestemor og bestefar.”
Dei var hos oss nokre dagar. Ho Bestemor sat av og til om kvelden og bladde i den vakre boka. Ho song ho inn for meg. Ein kveld reiste ho seg opp, stod framfor salongbordet, bladde opp på yndlingssalmen.
Ånd fra himlen, kom med nåde
kom her ned med lys og liv,
La din guddomsmakt nu råde,
Salighets forstand oss giv,
Livets ord du selv forklare,
Så det virker hvad det vil,
La oss her dets kraft erfare,
Fyll vår sjel med hellig ild.
… Kom til gamle, kom til unge
I din kraft og med din fred,
Da skal vi med jubel sjunge:
Herren er på dette sted!
Det var høgtid i stova, som i kyrkja. Med si vakre røyst løfta ho songen og oss mot himmelen. No, over seksti år seinare, tenkjer eg at Herren var i stova den kvelden.


Kommentarar
3 svar til “Songen frå Bestemor”
Det er så vakkert, Bjørg. Jeg sitter her høytidsstemt, og leser din vakre beretning om din bestemor. Du verden for en bestemor, en bestemor du sikkert har arvet noen av dine mange talenter fra. Jeg våger knapt trekke pusten, for ikke å ødlegge stemningen. Alt, både tekst og bilde, bare så vakkert. Gleder meg til ditt neste Kalenderblad.
So vakkert både sangtekst og forteljing, gode minner å ta vare på…
Nydeleg skildra, Bjørg! Gode minner om ei kjær bestemor, og førebilete på mange vis. Kjenner påstemninga og den fine stunda du formidlar her i ord og bilete. Så fint!