78 gonger har eg levd i denne datoen!
Kvar og ein av dei har vore merkedagar i livet mitt. Men å hugse kva som skjedde 9. desember 1955, veit eg ikkje. Sannsynlegvis var eg i gang med nedtellinga til julaftan. Tida gjekk så ulideleg langsamt. Eg hadde fullt oversyn over pakkane som kom i posten. Dei vart nøye klemt på og til-og-frakortet nøye lagra i minnet. Vi hadde ein fast plass i nederste hylle i lintøyskapet til innkommande pakkar frå onklar og tanter og syskenbarn. Eg hadde mange, så ved vareoppteljinga nådde eg ofte til 15! Mjuk pakke frå Bestemor og Bestefar, med heimespøta vottar tålte eg, så lenge det var rikeleg med harde pakkar frå andre. Du, kor tida har forandra meg!
Kanskje det var den 9. desember dette året at eg datt så fælt i skibakken, den brattaste! Skia var glattare enn kroppen var førebudd på, så i den siste kneika datt eg bakover med eit skikkeleg dunk så det svarta for augene mine! Det lærte meg leksa om å halde seg på beina.
Snøen var til å stole på i dei tider. Stabilt kaldt vinterver med lue, skjerf og vottar. Berre like før jul kom kakelinna og øydela den gode gliden: Sparkefarten ned gjennom gutu kunne du berre gløyma, den dagen. Det stakk opp steinar og dei slo gnistrar av stjerner i stålet.
Mørkret kom tidleg, så det var godt å kome innatt og varme seg ved den store, svarte Jøtulomnen. Og Mor, ho stelte i kjøkenet. I eine hjørnet av kjøkenbenken var to sortar til klare til å fylle i kakeboksar. Var det smultring i dag, tru? Det var fem att, av dei sju slaga, men den 9. desember var det god tid til jul… Det var ho Mor glad for.…
Tenn meg ei stjerne
til å varme meg på
når vinteren syng
i kalde og klare tonar
til å lyse opp
når dagen er kort
og natta lang
til å vekkje meg
til leik
i dagen
og draum
i natta
Det er ei tid
for alt

