Undring under stjerner

Han måtte gje opp, Abra­ham også, då han skulle prøve å tel­je stjernene.

Fram­føre eit nytt milen­ni­um. Ei hend­ing frå 1999 kjem fram i min­net. Eg stod med barn og barnebarn på veran­daen på hyt­ta. Høgt til fjells i frost og kni­trande snøst­jer­nes­nø. Him­me­len var klar og mørk og stjernestrødd. Nokre sterke og klare. Innimel­lom glim­ta det til med dei som blin­ka som «lil­la stjär­na». I små augneblink såg vi dei «tin­dra» nett som i julesongen. Dette var ingen van­leg stjerne­him­mel. Med eitt såg eg Melkeveien … for første gong i livet. Eg inne i den store galak­sen. Ein del av det uen­delege rom­met. Det ufat­telege. Det som finst og ikkje finst. Frå denne utanomjordiske opplevin­ga gjekk vi inn i det nye mil­len­ni­et. Min­net sit pre­ga i sin­net for alltid. Stjern­er er ein del av både livet og kun­sten. Og eg er alltid på van­dring langs Vin­ter­gatan…

Når du høyr­er din eigen pust
finn ryt­men
i eigne hjartes­lag
finn ein melo­di
til å gå
saman med

Og det blir lettare
å sjå dei gylne øye­b­likk
i dagen


Kommentarar

4 svar til “Undring under stjerner”

  1. Hei Bjørg.
    Du er så utrolig dyk­tig, med både tekst og bilde.
    Er dette fra den boken vi «alle» ven­ter på?
    I så fall er vi klar for bestill­ing.
    Håper at det står bra til med dere.
    Hjørdis og jeg ønsker dere
    et rik­tig Godt Nytt År ! 👋👋👋

    1. Bjørg Bjøberg Avatar
      Bjørg Bjøberg

      Tusen takk, for kose­lege ord. Ja, noko av det eg skriv på (eller i) bloggen, kjem i boka. Ord og bilde høyr­er meir og meir i hop, og det er spen­nande å føl­gje dei…
      Godt nyt­tår til deg og Hjørdis!

  2. Inga Midttun Avatar
    Inga Midttun

    Så fine og tankjevekkande ord du har skrive her! Kan sjå deg der du står under stjerne­him­me­len; ein augneblink som var­er i min­net for alltid! Nydelege akvarel­lar som føl­gje. 🥰

    1. Bjørg Bjøberg Avatar
      Bjørg Bjøberg

      Det er mange augneblink frå livet, og det er kjekt å illus­trere dei. Tusen takk for gode ord, Inga <3