Songlaget – i år som i alle år – syng jula inn for dei gamle. Som vi stod der og sang Å kom, la oss følge stjernen i det høye undra eg meg over kven «dei gamle» er. Eg talde fem «gamle» songlagssongarar blant publikum. Det er ikkje lenge sidan dei song med oss i koret. Og enda fleire hadde eg i minnet. Vakre røyster, stødige på tonen og songen kom frå hjartet. Og glade, med song, dei helste oss og songen kom også no frå hjartet … og dei var framleis unge … tilogmed litt barnlege. Ho Elisabeth sa det med verdig mine og rak rygg: «Det er så godt å se at de eldre er med. Da blir det så riktig liksom.»
Vi er saman
på vandringa
i eit uoverskueleg pilgrimstog
vi gler oss til mørkret flyr
og lyset kjem
med strålar på ny
i stjernekrans
Gamle eller unge
eller eldre …
kva betyr no det …
når vi pustar
saman
når vi syng
saman
frå hjartet
Adelen og vi
«det er så riktig liksom»


Kommentarar
2 svar til “Saman med adelen”
Så fint!
Takk skal du ha, kjære du!