Vi gjekk kring juletreet
Vi sang barnlege julesongar som Jeg er så glad og Å jul, med din glede (utan komma) og Glade jul… med ord som vi forsto. Men så var det slike som var meir vrange og vridne. Ein av dei den med «… så har han oss forvervet…» Kanskje det skulle vere «fordervet» Det visste eg kva betydde, men det høvde ikkje saman med «…all himlens, himlens fryd.»…
Og kva med «…Eia, var vi der!». Det var mangt og mykje ein kunne snuble i ved juletregangen då vi var småe. Med åra har eg skjønt eitt og anna etterkvart…
Jeg synger julekvad høyrer for meg med i korsangmappa. Eg arva Pappa sitt notearkiv, og mellom gulna papir fann eg eit spesielt arrangement av denne gamle sangen. Koret mitt her i Balestrand hadde ikkje sunge denne, så vi sette han opp på julerepertoaret… i 1987. Mitt andre år som dirigent for Balestrand songlag. Mange øvingar seinare blei vi einige om å vente med debuten til neste års julekonsert. Vi innsåg at vi trengde meir øving for å yte sangen rettferd… Ein må ha age for det som er gammalt og fekk eit så fint latinsk namn som In dolci Jubilo…
Julesong med himmelsk lyd
og fryd
og kvad og stjerne
nek og småfugl og klokkeklemt
kime til høgtid
i hus og stall og kyrkje
med julepresang
og stjerneklang
det var tider
tilogmed englar
som dalar ned i skjul
i lag med veden og varmen
forkynner fred
og tider skal komme…

